Forside > Andmeldelser, Annet > Haikerens Guide Til Galaksen

Haikerens Guide Til Galaksen

INGEN GRUNN TIL PANIKK!

Haikerens guide til Galaksen er ein serie om alt det som du aldri tenkjer på, og er derfor ei inspirasjonskjelde til idioti, gullkorn og oppfatningar av universet. Dette gjer boka til eit brilljant mesterverk for livslurande, galakse interisserte, emoer, pessimister og eigentleg alle andre.

Historie

Denne serien har ein for kompleks og avansert historie til at eg kan nevna alt i korte trekk her. Men hvis vi kortar det ned rundt 5000 hakk, så handlar det om Arthur Dent, Jordas øydeleggelse, Ford Prefect, Zaphod Beeblebrox, Tricia McMillan (Trillian), Fenchurch og Random. Historien begynnar med at Arthur Dent får beskjed om at huset hans skal rivast for å gjere plass til ein ny motorvei. Akkurat i det han skal protestera, kjem Ford Prefect (Person frå ein annan galakse som tilfeldigvis stranda på jorda, og blei venn med Arthur.) og seier at Jorda blir øydelagt av Vogonere om ca. ti minuttar, for å gjera plass til ein ny høghastigheits gjennomfartsvei for romskip gjennom Plural Alfa sonen. (Merk likskapen.) Derfor haikar dei med eit romskip, endar opp med å bli sendt ut av det, og og kjem på eit nytt eit, denne gong med fetteren til Ford, Zaphod Beeblebrox som kaptein. På skipet er i tillegg Arthurs tidlegare kjæraste, som no er saman med Zaphod, Tricia McMillan, eller Trillian som ho kallast. Dei reiser litt fram og tilbake for åfinna ut om dette merkelege talet 42, der dei leitar etter spørsmålet til svaret på livet, universet og alt mogleg. Etterkvart fyker Ford og Arthur til Jorda 150.000 år før vår tid, og etablerar seg ganske fint, saman med ein gjeng av reknskapsførarar. Så splittas dei. Arthur reiser tilbake til jorda, før den blir øydelagd, mens Trillian framleis er med Zaphod. Deretter drar Ford til Haikerens Guide Til Galaksen sitt hovudkvarter, (Han er skribent der.) og bryter seg inn. Han finnar ut at det er kjøpt opp av InfiniDim gruppen, som ynskjer å distribuera Guiden til rike forretningsfolk. Arthur drar ut på jakt etter sin sanne klode, og siden han ikkje finner den, slår han seg ned på ein veldig lik planet, og blir smørbrødmaker. Trillian har etter ein desperat jakt funnet ut at Arthur har donert store mengder med sæd til DNA banker, og ettersom at ho vil ha barn, (Og resten av arten hennar er utrydda.) kjøper ho litt av det. Ho får på den måten dattera Random, og reiser til planeten Arthur er på. Han og Random blir på denne måten godt kjent, og ein dag får Dent ein pakke frå Ford Prefect, som Random sjølvsagt steler. Ho opnar den langt vekke frå alt, og finner ut at den inneheld Guiden V.2, som er ein fugl som kan bevega seg i alle dimensjonar. Denne fraktar ho til usannsynlegheitsaksen, og ho kjem til Jorda. Litt etterpå kjem og Trillian, Arthur og Ford, og boka slutter med at Jorda unngår å bli øydelagd. Med andre ord: Ein ganske kjedeleg slutt.

Teknisk

Denne boka er teknisk sett ei rubin. På ein veldig spesiell måte. Forfattaren (Douglas Adams.) bruke rein blanding av generell dumheit og merkelege innspel, som i mitt tilfelle har endra måten eg ser på verden. Eit gullkorn er jo blant anna roboten Marvins fantastiske dikt:

Når natten sover søtt

Er mørket kaldt og dødt

Men jeg ser alt i infra rødt

Jeg hater natten over alt.

Jeg drømmer om en haug

Med enda en elektrisk sau.

Sku’ ønske jeg var dau.

Jeg hater natten over alt.

I tillegg har du ein drøss med andre geniale innspel, som aukar karakteren til boka. Så dette er litteratur på sitt beste. Boka er som du sikkert skjønner i Komedie og Sci-Fi sjangaren, og til og med eg, som ikkje liker framtidsvrøvl, blei nesten forelska i boka. Merk nesten. Denne boka har og sine svake punkt. For eksempel har du ekstremt kjedelege kapittel, som bare drar deg inn i karakteranes nokre gonger drittskjedelege liv. Skulle det for eksempel interessera deg at det eksisterar ein mann ved yndlingspuben til Arthur som hatar regn? Nei? Tenkte meg det. Men ellers er et eit mesterverk.

Oppsummert:

Historie: 5

Teknisk: 6

Totalt: 5

Terning

Oi… Dette blei mitt fyrste innlegg her på Skomaker Andersens Blogg. Forhåpentlegvis blir det nokre fleire, og eg ser fram til ein fantastisk tid.

  1. Syver
    06/03/2009 at 23:13:25 | #1

    Kjempe god andmeldelse! Fortsett sånn! :)

  1. No trackbacks yet.