Back on the road again
Så var vi vestlendingar tilbake på skulen igjen etter ein for gøy vinterferie. Tilbake til skulen, og alt som det innebærar. Tilbake til den irriterandes kritikken frå MH for alt eg gjer. Tilbake til gørrkjedelege puggingar til prøver, og kjedeleg leksegjering. Kort sagt: Tilbake til alt som gjer livet verdt å leva.
Mange ser vel på meg som ein person som ofte motsiar seg sjølv, og det er ikkje langt ifrå sannheita. Sannheita er vel den at eg er delt i 100 forskjellige personlegheitar, som byttar om for kor eg er. For eksempel har vi fransk-time personlegheita, som er ganske forskjellig frå heime med foreldre personlegheita. Og dette irriterar meg. I innbitte forsøk på å samla desse dumme artane av meg, har eg bare endt opp med å få endå fleire, som skiftar på brøkdelen av eit sekund. Derfor kan eg på eit tidspunkt meina ein ting, og i det neste forsvara det motsatte. Gah, eg hatar å vera så open, ettersom at eg veit at eg kjem til å meina noko anna om ein time…
Ein annan ting som skjer no er det at ein ven endeleg har slutta med å gå med hårstrikk. (Han er gut.) Dette er ein forbetring eg har venta lenge på, ettersom at han blei ekstremt mykje mobba for det. Eg vurderer å foreslå eit forbud mot at gutter skal få gå med hårstrikk… Eller… No er eg for frekk. Eller er eg det? Eg er usikker. For ein ting eg har merka er at eg i det siste har slutta å ana kva eg held på med, eg bare gjer det. Dette gjer jo at karakterane blir betydeleg lavare enn ellers, og det er irriterande. Men når eg prøvar å gjere noko med det, så skjer det igjen. Eg bare gjer det, og problemet veks. Så kall meg hjernedau. Det er nok ikkje langt frå sannheita, ettersom at eg mistenkar at eg har for mange teoriar i hjernen min på alt mogleg, og dette gjer at eg har veldig liten kontroll på tankane mine. Så om eg kjem på ein genial idé, så er det bare fordi eg har tatt ein tilfeldig støvsuging i nøtten. Og folk kallar meg allikevel nerd, sjølv om det begrepet begynnar å miste meining. Ein bruker ordet om alt mogleg no, og det er forferdeleg irriterande at sjølv ein av dei dummaste i klassen får kallenamnet nerd, kun fordi han/ho fekk ein 5 på sist prøve.
Og når vi snakkar om karakterar, så skjedde det ein fantastisk ting i går. Eg var den i klassen med høgast karakter på ein prøve. Det var sjølvsagt i norsk. I matte og samfunnsfag er det umogleg å slå MH. Dette er forresten min største irritasjon no for tiden. Korleis kunne ho bli så mykje smartare enn meg, når eg låg over ho i fleire år? Svaret på spørsmålet er eigentleg ganske enkelt når eg tenkjar meg om. Ho har kun fått sansen for skule, og mine interessar har nådd andre områdar. Spelhistorie burde verkeleg bli ein del av pensumet i 8. klasse! Det er jo ein fantastisk historie, med store krigar mellom Nintendo, Atari og Sega. Og igjen må vi skifte tema.
For når vi er inne på spel, så må vi gå igjennom den lille revolusjonen i spel som foregår no for tiden. For 2 år sidan, blei det produsert ein haug med møkkaspel, og vi gamere fekk lite igjen for pengane våre. No derimot, har vi fått fantastiske mesterverk av spel, som ikkje lenger prøver å skynda seg for å gje det ut til den fastsatte lanseringsdatoen. Firmaer som Blizzard har til og med slutta med å komma med ein lanseringsdato. Dykk står i min store respekt. Og når åra 2009 og 2010 kjem til å bli fantastiske for indutrien, finnast det då noko negativt i verda? Svaret mitt er ihvertfall nei. Og så har me dette med limited edition. Ingenting er som å få med ei bok som skriver korleis handlinga går føre seg.
Og kva er vel betre enn å lesa ei god bok? Dei fleste bør vel vera einig i at svaret er omtrent ingenting. Det er fantastisk. Særleg når ein leser eit mesterverk som “Haikerens Guide til Galaksen”, som eg har anmeldt her. Det endrar tankane dine 40 gonger før du er ferdig, og når du har kest ho ut, så sitter du igjen og tenkjer på kva som faktisk er “Svaret på Livet, Universet og alt mogleg”. Eg tippar at det er noko anna enn 42. Og kva er no dette spørsmålet som gjer svaret? Vel, ifølgje bok tre, så er spørsmålet 6*9. Dette kan jo sjølvsagt ikkje stemma, ettersom at 6*9 blir 54. Du sitter igjen med ein følelse av ingenting, alt, og absolutt ingenting. Bøker er merkelege gjenstandar. Dei lever sitt eige liv, kan ein seie.
Og no går vi tilbake til livet igjen. Denne merkelege dingsen som gjer at vi kan snakka, eta, og skrive like idiotiske blogginnlegg som dette. For kva er eigentleg livet? Guess what: Noone knows. Det er jo eit spørsmål om alt og ingenting, og eit menneske vil aldri klara å komma fram til eit nøyaktig svar.
Eg antar at dette konkluderar slutten på innlegget, og eg avsluttar derfor med eit spørsmål:
Kven er denne EKmannen?