Arkiv

Archive for 12/03/2009

Skule, Angry Video Game Nerd og Piratebay

12/03/2009 ekmannen Kommenter

Så var det på tide å hosta opp eit innlegg igjen. Tenkte dette skulle handla om alt mogleg rart, i motsetning til det siste innlegget mitt. I det siste har det hendt litt av kvart. Prøver, lekser, pugging, innleveringar, skriving, diskutering og forkasting av teite idear. Altså ei ganske hektisk tid på grunn av det idiotiske karakterpresset. Har jo prøvd å få ned eit par historiar og, men hjernen går på tomgang. I dag var ein ganske idiotisk dag. Eg hadde sjølvsagt gløymt å gjere samfunnsfagleksa, som tilfeldigvis var veldig lang og krevande. Derfor måtte eg skriva av nokre andre på skulen. Eg prøvde å kjappa meg, og tenkte heile dagen på at eg måtte rekkja det. (Noko som øydelagde dagen TOTALT.) Eg blei ferdig eit par sekundar før læraren kom inn og pusta letta ut. (Dette var i siste time.) Timen gjekk, men Ørnulf gløymte å sjekka leksa. Altså: 45 minuttars arbeid rett i vasken. Dette er jo meir enn nok til å skapa ein forferdeleg dag, men sidan eg er ein EK, driter eg i det.

Ellers har det skjedd fint lite i det siste, og takk for det. Orker ikkje nokre fleire para-psykologiske hendelser som får meg til å frike ut. Når vi er inne på psykologi, så er eg blitt hekta på eit heilt genialt spel som heiter Psychonauts. Det går kort sagt ut på å komma i den høgaste rangen på ein militærskule som trenar opp mennesker til å ply Psychonauts. Dei bruker psykologi til f. eks. å sprenga hjernen til folk, eller få tak i viktig informasjon. Det blir nok ein anmeldelse av det om ikkje så altfor lenge. Satsar på å leggja den ut her, om eg forblir gjesteforfattar til då. Og vi har jo dette med psykologi generelt, som er eit ekstremt kult emne. Det er riktignok ekstremt komplisert, så eg trur eg dropper å skriva noko om det her.

Og kanskje vi skal gå over til videoar? For litt sidan kom det jo ein topp 10 liste over Angry Video Game Nerd augeblikk i 2008. Link: http://screwattack.com/Top10/AVGN2008 Dette er ein begivenheit som bør feirast med både brus og kake. Ellers har det jo blitt avslørt at Fable III kjem ut. Ein av produsentane greide å forsnakka seg litt, og sa at dei hadde litt problemar med “Voice Actingen” til Fable III. Dette var ein heilt tilfeldig kommentar. Og angåande spel, så leggjer eg snart ut ein anmeldelse av spelet Battlefield Heroes, som eg har vært så heldig å få ein beta key til. Altså blir det ein god del kommande anmeldelsar, om eg veljer å slippa dei her istadenfor på Tha Anmeldelse. Dette er eg litt i stuss på. Eg ber difor om kommentarar på dette. Hugs at eg bare er gjesteforfattar her ei lita stund.

Og sidan lekser er eit aktuelt tema for tiden, tenkte eg at eg skulle kasta meg ut i debatten. Det går jo mykje fram og tilbake om lekser skal bli forbudt, og mi meining er bob/bob. Sjølvsagt er det elevar som ikkje har ressurssterke foreldre, og er på trening heile dagen, så dei ikkje får tid, men å forby det blir å gå feil vei. Så eg meiner at det burde bli valgfritt. Dette vil sjølvsagt senke dei elevane som no ikkje gjer dei, men det vil ikkje senka toppelevane som er så smarte at dei gjer lekser i tillegg. Ved å forby, vil alle bli dratt ned på samme bunnivå. Eg hadde ikkje hatt like gode karakterar om eg ikkje hadde gjort leksar. Eg kan garantera dykk at mange kjem til å bli tvunge av foreldra sine til å gjere lekser, og dei vil derfor ikkje synka ned. Og eg vil faktisk leggja til ein ting til: Det burde vært karakterar for 7. klasse. Dette lærar ein til å gjere sitt beste, ettersom at prøver på barneskulen no ikkje får nokre konsekvensar. Anmerkningar derimot, bør venta til 8. klasse. Noreg skårar lågt på listar over skulesuksess, og dette vil derfor vera eit bra tiltak, etter mi meining. Mange vil nok vera ueinig, men det er like greit å bli vant til det så tidleg som mogleg. Og Noreg bør bli eit land med nytenkjing, så eg oppfordrar derfor at så mange som mogleg deltar i skuledebatten, og kjem med kreative idear. Eg har ein ide på kok, men den får venta til eit seinare innlegg.

Debatten rundt Piratebay er jo og noko som rasar for tida. Eg støttar sjølvsagt PB. Dei har ikkje gjort noko gale, dei har bare utvikla lovleg teknologi som gjer det enkelt å dela lovlege filar. Det negative er jo at det då blir ein god del ulovlege filer i tillegg. Men kva kan ein gjere med det? Sånt vil jo florera uansett. Så hvis du tenkjar deg om, så gjer ikkje The Piratebay noko ulovleg i det heile, ettersom at dei har serverane i eit land kor det ikkje er lovar mot sånt. Så mine ord, det er: Nei til straffing av PirateBay!

Vel… Dette blei ikkje eit langt innlegg. Men vi satsar på at det var greit nok allikevel. Kom gjerne med kommentarar :)